114 Småkaker til jul - tradisjonsbaking
Mål, læringsmål
Lære om ulike slag småkaker som er vanleg å bake til jul her i bygda vår og i Valdres. Lære å bake småkaker. Kjenne til at det frå gamalt av var vanleg å bake minst 7 slag småkaker til jul.
Målgruppe og forkunnskaper
Alle som har lyst til å vere med på dette i 4H, i alderen 12 - 18 år.
Kursinnhold
samling
Førebuing til småkakebaking.
Kva slag kaker ynskjer vi å bake på 2. og 3. samling?
Kva treng vi av råvarer og utstyr?
Finne fram oppskrifter.
Alle får kome med ynskja sine.
Finne ut om nokon av småkakeslaga må / bør lagast dagen føreåt.samling
Baking av ulike småkaker som skal trillast ut og setjast på steikjebrett med teskei.
Alle får vere med å trille ut deig til kaker og å setje deig på steikjebrett med teskei.
Lære om korleis deigane må / bør vere om kakene skal trillast ut og korleis røra skal vere, om det skal setjast på steikjebrettet med teskei.
Alle får dele likt, det som vert baka.samling
Baking av ulike slag småkaker som skal kjevlast.
Bruk av av kjevle; teori og praksis.
Alle får prøve å kjevle ut og steikje.
Lære om korleis deigane må / bør vere om dei skal kjevlast ut.
Finne ut om deigane bør lagast dagen føreåt, for at dei skal vere gode å kjevle.
Alle får dele likt, det som vert baka.
Arbeidsmåte
- Veiledning med instruktør/lærer
- Instruksjon med lærer
- Forelesning
- Demonstrasjon
- Praktisk trening/arbeid
Lenker til eksempler på kursprogram
Krav til lærer/instruktør
Kurshaldar er Mat og helse-lærar ved skulen.
Læringsressurser
Bruke gode, gamle oppskrifter som er utprøvde.
Eventuelle merknader
Dele ut evalueringsskjema når kurset er avslutta.