128 Varmkompostering
Mål, læringsmål
Målet er å lage ny jord av hushaldningsavfall, ved å bruka varmkompost. Gjennom teori og praksis lærer vi om; - fordeler med kompost frå eigen hage. - ulike komposteringsbehalderar og plassering. - dei biologiske prosessane i varmkompost. - korleis vi forheld oss til renovasjonsavgifta.
Målgruppe og forkunnskaper
Hageeigarar
Ingen spesielle forkunnskapar er kravde, men interesse for å lage jord sjølv må vere der.
Kursinnhold
- Kvifor varmkompostering? Fordelar med å nytte avfallet til å skape jord i eigen hage.
- Kva for komposteringsbehaldar passar å bruke? Besøk av ein lokal forhandlar av varmkomposteringsbehaldarar
- Korleis legg ein opp ein varmkompost? Kva må vi blande inn saman med hushaldningsavfallet?
- Plassering av kompostbingen. Vil grannen merke sjenerande lukt?
- Besøk i privathagar der varmkompostering har vorte nytta noen år
- Kva gjør vi om komposteringa stoppar opp? Tilføring av ekstra næringsrikt materiale som fiskeavfall, rekeskal, eller ein neve kompost frå ein binge der prosessen er i gang. Bruk av varmeflaske.
- Korleis går ein fram for å få reduksjon i renovasjonsavgifta?
Arbeidsmåte
- Gruppearbeid
- Diskusjon
- Demonstrasjon
- Praktisk trening/arbeid
- Studiesirkel (uten lærer)
Studieleiaren bør ha vore på kurs og sjølv ha drive med varmkompostering.
Lenker til eksempler på kursprogram
Læringsressurser
Studieforbundets hefte om varmkompostering
Jord og kompost : gjødsling og jordforbedring på naturens vilkår
av Harald Kratschmer (oversatt av Bård Kranstad ; utgitt i samarbeid med Det norske hageselskap)
Kvalifiserende/test/eksamen
Vi følgjer opp med å kontakte kursdeltakarane to månader etter at kurset er fullført.
Studieplanen kan knyttes opp mot følgende mål i voksenopplæringsloven
- Å bidra til å vedlikeholde og styrke demokratiet og legge grunnlag for bærekraftig utvikling ved å engasjere og utvikle aktive medborgere.