1709 Arbeid med tre.
Mål:
Lære deltakarane om korleis trematrerialane ser ut, etter at dei er skorne ut av tømmerstokken på saga.
Lære om korleis borda ser ut, før og etter tørking.
Lære om kva for ei side av bordet som bør vere inn eller ut, ut frå det som skal lagast.
Vise og ha respekt for alt utstyret i sløydsalen.
Bli kjent med å bruke handsag, høvel, pussepapir av ulik grovheit, drill, tommestokk, vinkeljarn, svipenn m.m.
Målgruppe:
4H-medlemmer og andre interesserte, frå 12 år.
Studieplanen kan knyttes opp mot følgende mål i Voksenopplæringsloven
- Å styrke kulturelt mangfold og øke deltagelse i kulturlivet.
Antall deltakere:
Studieplanen er utarbeidet for 5 til 15 deltakere. Det vil ikke utbetales tilskudd til dette kurset dersom færre enn 3 deltakere fullfører kurset.
1. samling
Timer med lærer: 2
Timer uten lærer: 2
Tema:
Fellessamling og introduksjon av kurset.
Stikkord:
Bli kjent med deltakarane, instruktør og utstyr i sløydsalen.
Kva som skal lagast?
Arbeidsform og gjennomføring:
Planlegging og diskusjon.
Problemstillinger:
Kva trengs av utstyr?
Kven som kan bruke utstyret?
Det er kun instruktøren som kan bruke bandsaga.
2. samling
Timer med lærer: 5
Timer uten lærer: 3
Tema:
Fuglekasse.
Stikkord:
Lære ved å gjere.
Sage opp alle delane til fuglekassa.
Bruke tommestokk, blyant, vinkel og handsag.
Arbeidsform og gjennomføring:
Bruke spikar til å feste saman veggane og botnen i fuglekassa. Bruke kloss på undersida av loket, slik at det blir liggjande laust på.
Problemstillinger:
Finne ut kva slag fuglar som fuglekassa skal lagast for, med tanke på holet som skal borast på framsida.
Bruke spikar som passar til bordtjukkleiken.
Leggje loket på kassa, for å finne ut kvar klossen skal vere på undersida. Dette for å sleppe å spikre loket på.
Bore hol og setje i ein pinne, litt under holet.
3. samling
Timer med lærer: 3
Timer uten lærer: 2
Tema:
Skjerefjøl.
Stikkord:
Lære ved å gjere.
Finne passe tjukt bord.
Bruke tommestokk, vinkel, blyant, handsag, svipenn m.m.
Arbeidsform og gjennomføring:
Finne ut kor lang skjerefjøla skal vere og sage ho. Høvle og pusse. Bore hol med ein bor. Svi motiv med svipenn.
Problemstillinger:
Finne ut kva slag form fjøla skal ha. Skal ho rundast av i eine enden eller skal det teiknast motiv på som må skjerast ut på bandsaga?
Bruke høvel og høvle båe sidene.
Pusse sidene med pussepapir og runde av på dei skarpe kantane.
Måle og finne ut kvar holet til å hengje ho opp etter skal vere. Bruke svipenn og skrive initialane sine og årstal. Event. lage motiv eller skrive noko.
Smørje fjøla godt inn med matolje.
4. samling
Timer med lærer: 3
Timer uten lærer: 2
Tema:
Gjere ferdig fuglekassa og skjerefjøla.
Stikkord:
Siste finpuss på fuglekassa.
Måle / beise fuglekassa.
Siste finpuss på skjerefjøla.
Setje skjerefjøla inn med matolje.
Arbeidsform og gjennomføring:
Vise fram og lage utstilling for kvarandre.
Problemstillinger:
Kva var greit å gjere?
Kva var utfordrande med desse oppgåvene? Finne ut kor stor opning som skal til, for dei ulike fuglane,
Krav til lærer/instruktør:
Lærar i trearbeid, for å kunne bruke dei ulike elektriske sagene / utstyr, i ein sløydsal.
Opplegg for evaluering:
Felles evaluering av heile kurset.