1802 Arbeid med tre - sprellemann.

Mål

Lære deltakarane om korleis trematerialane ser ut, etter at dei er skorne ut av tømmerstokken på saga.
Lære om korleis borda ser ut før og etter tørking.
Lære om kva for ei side av bordet som bør vere inn eller ut, ut frå kva som skal lagast. Lære å vise respekt for alt utstyret i sløydsalen.
Bli kjent med å bruke handsag, pussepapir av ulik grovheit. drill og tommestokk.

Målgruppe

4H-medlemmer og andre interesserte, frå 12 år.

Studieplanen kan knyttes opp mot følgende mål i Voksenopplæringsloven

  • Å gjøre det mulig for mennesker å påvirke egen livssituasjon.
  • Å bekjempe utstøting og bidra til inkludering.
  • Å styrke kulturelt mangfold og øke deltagelse i kulturlivet.

Antall deltakere

Studieplanen er utarbeidet for 5 til 15 deltakere. Det vil ikke utbetales tilskudd til dette kurset dersom færre enn 3 deltakere fullfører kurset.

1. samling

Timer med lærer: 3

Timer uten lærer: 2

Tema

Fellessamling og introduksjon av kurset.

Stikkord

Bli kjent med deltakarane, instruktør og utstyr i sløydsalen. Kva som skal lagast.

Arbeidsform og gjennomføring

Planlegging og diskusjon. Bruke nettet og studere ulike sprellemenn og korleis dei må lagast, for å få dei til å fungere.

Problemstillinger

Kva trengs av utstyr? Kven som skal bruke utstyret? Det er kun instruktøren som kan bruke bandsaga.

2. samling

Timer med lærer: 5

Timer uten lærer: 2

Tema

Sprellemann.

Stikkord

Lære ved å gjere. Teikne opp omrisset av kroppen, armane og føtene til sprellemannen på ei treplate.

Arbeidsform og gjennomføring

Grovskjere rundt delane på bandsaga. Bruke sandpapir og pusse alle sidene, slik at dei blir glatte.

Problemstillinger

Det er viktig at ein pussar med sandpapiret, slik at alle sidene er glatte, og ein ikkje set stikker i fingrane. Der det skal vere rundt, må ein pusse, slik at det ikkje blir taggut.

3. samling

Timer med lærer: 3

Timer uten lærer: 2

Tema

Måle sprellemannen sin.

Stikkord

Bruke akrylmåling og lære om korleis ein målar.

Arbeidsform og gjennomføring

Leggje papir utover på borda. Bruke plastkrus til å ha målinga i. Bruke penslar av ulik storleik. Bruke god tid og vere nøye med målinga. La målinga tørke mellom kvar gong ein målar oppå.

Problemstillinger

Lære seg til å måle "tynne" strøk. Då tørkar målinga raskare. La målinga tørke, før ein målar oppå.

4. samling

Timer med lærer: 2

Timer uten lærer: 2

Tema

Montere sprellemann.

Stikkord

Bruke drill til å lage hol, der delane skal monterast saman.

Arbeidsform og gjennomføring

Merke av der det skal vere hol på dei ulike delane. Kutte opp tråd til å knyte dei ulike delane saman med. Finne fram 4 splittbinders til kvar sprellemann.

Problemstillinger

Tre tråden inn i eine holet i armen og knyte ein knute. Gjere det same med den andre armen. Setje kvar arm saman med kroppen med ein splittbinders. Gjere akkurat det same med kvar av føtene, med trådendane og splittbinders. Knyte ein lenger tråd midt på bak. Denne skal vere til å dra i føtene og armane med. Trådane mellom armane og føtene må kanskje justerast? Sprellemannen er ferdig, dersom ikkje armane og føtene buttar mot kvarandre. Til slutt lagar vi ei utstilling med alle sprellemennene.

Krav til lærer/instruktør

Lærar i trearbeid, for å kunne bruke dei ulike elektriske sagene / utstyr i ein sløydsal.

Aktuell litteratur til støtte for lærer/instruktør

Bruke nettet og studere ulike sprellemenn, både i f h t storleik, form og korleis dei kan målast.

Opplegg for evaluering

Felles evaluering av heile kurset.