334 Fylkesstyreopplæringen Oppstyr modul 4-5-6

Godkjent for 8-15 timer  |  15-100 deltakere

Mål, læringsmål

  • Bli kjent med 4H si historie og verdigrunnlag, skape ein felles identitet og skape tilhøyrsle til organisasjonen
  • Auka medvit om 4H si rolle som organisasjon i dag og våre viktigaste samarbeidspartnarar
  • Bli kjent med seg sjølv og kvarandre, med rollene våre i styret og avklare forventningar
  • Deltakarane vil bli kjent med prosjekt som metode og få auka kompetanse innan prosjektutvikling

Målgruppe og forkunnskaper

Målgruppe: Tillitsvalde i fylkesstyret
Forkunnskaper: Erfaring med organisjonsarbeid på lokalnivå

Kursinnhold

Modul 4: Historikk, ideologi og diskusjon om vår rolle som organisasjon i dag

  • 4H som organisasjon
  • 4H si rolle i samfunnet

Modul 5: Felles intro: Styrevervet mitt – å jobbe i lag som styre

  • Å bli meir kjent med eigne og dei andre sine kvalitetar og måtar å kommunisere på
  • Korleis forbetre samarbeid og kommunikasjon i styret
  • Få fram kva som er positivt med dei tre fargane
  • Få fram kva som kan vere utfordingar med dei tre fargane
  • Diskusjon om korleis vi kan bruke det vi har lært om kvarandre gjennom Diversity Icebreaker til å samarbeide og kommunisere betre. Dette kan ein jobbe med gruppevis, evt. per fylkesstyre.

Parallellsesjon 1: Leiar /nestleiar
Foredrag / samtale i samla gruppe:

  • Å vere leiar. Ulike leiartypar
  • Korleis leie møta
  • Saksførebuing, vedtak og oppfølging
  • Oppfølging av styremedlemene og kontakt med tilsette
  • Kontakt med sentralstyret

Diskusjon / case i grupper, så samla (velje om ein vil snakke om eitt tema eller fleire i gruppene):

  • Korleis nytte styremedlemene sine kvalitetetar på best vis?
  • Kva lærte Diversity Icebreaker oss?
  • Korleis kan vi som leiarar tenke utvikling for organisasjonen og langt fram?
  • Korleis jobbe med synleggjering (svare på førespurnader frå media, skrive innlegg, å vere organisasjonens ansikt utad)?

Parallellsesjon 2: Arrangøransvarleg
Foredrag / samtale i samla gruppe:

  • Kva arrangement har vi i organisasjonen og kvifor har vi desse?
  • Kven er målgruppene?
  • Korleis kan vi bruke arrangementa til å rekruttere til og synleggjere organisasjonen?
  • Kven har ansvar for planlegging og gjennomføring? Kva betyr dette i praksis? Vise til eksempel frå instruksar / malar for arrangement
  • Samarbeid mellom tillitsvalde og tilsette i fylkeslaget, og andre frivillige som jobbar med arrangementa
  • Korleis marknadsføre arrangementet og rekruttere deltakarar?
  • Kva inntekter og utgifter har vi?
  • Dele erfaringar mellom deltakarane som gjeld innhald og program på kurs og leirar

Praktiske oppgåver i grupper, så samla (velje om ein vil snakke om eitt tema eller fleire i gruppene):

  • Planlegge marknadsføring av eit valt arrangement
  • Lage budsjett for arrangementet og finne fram til aktuelle stadar å søkje om midlar
  • Lage køyreplan / detaljplan for førebuinga og gjennomføringa av arrangementet

Parallellsesjon 3: økonomi
Foredrag / samtale i samla gruppe:

  • Kva er økonomiansvarleg i fylkesstyret sitt ansvar?
  • Legge fram kvartalsvise økonomirapportar for styret
  • Legge fram forslag til justert budsjett etter eit halvår
  • Vere i jamleg kontakt med rekneskapsførar
  • Ta aktiv del i budsjettprosessen fram mot årsmøtet
  • Legge fram budsjett og rekneskap på årsmøtet
  • Samarbeid med styret og tilsette rundt økonomi
  • Korleis få heile styret til å ha eit aktivt forhold til økonomien?
  • Budsjettering og økonomistyring ved fylkesarrangement

Praktisk oppgåve i grupper på to eller tre, gjennomgå samla og diskutere korleis ein kan løyse oppgåva på best mogleg vis:

  • Førebu og presentere kvartalsvis økonomirapport for fylkesstyret basert på utdelt eksempel

Felles avslutning, modul 5:
Dele gruppa slik at kvart fylkesstyre er ei gruppe, og diskutere case-oppgåver:

  • Korleis kommunisere godt i styret
  • Rollene i styret og ansvarsavklaring
  • Forventningar og samarbeid mellom dei tillitsvalde og tilsette

Gjennomgå kva gruppene har diskutert i plenum.

Modul 6: Prosjektutvikling
Kort introduksjon:

  • Kvifor prosjekt?
  • Kva kjenneteiknar prosjekt som metode?
  • Frå ide til prosjekt
  • Kva bør med i ein prosjektplan?

Oppgåve:
Presentere ei utfordring/påstand. For eks: 4H må bli meir synleg
1. Diskutere kvifor (skriv stikkord på lapp individuelt, presentere desse for dei andre, plenum diskusjon)
2. Bruke kreativitetsduken for å få fram idear til tiltak
Om det er tid igjen:
3. Ta «prosjekttesten» på ideen(ane)

Arbeidsmåte

  • Veiledning med instruktør/lærer
  • Instruksjon med lærer
  • Forelesning
  • Gruppearbeid
  • Diskusjon
  • Studiesirkel (uten lærer)
  • Studiesirkel (delvis med lærer)

Deltakarane vil bli oppmoda til å skaffe seg ein mentor slik at dei kan få rettleiing i arbeidet dei skal gjere i fylkesstyret mellom kursmodulane.

Lenker til eksempler på kursprogram

Krav til lærer/instruktør

Må kunne gjennomføre ei undervisning som fører til refleksjon og erfaringsutveksling mellom deltakarane. Kurslærar må ha god erfaring med organisasjonsarbeid helst frå fleire organisasjonar.

Læringsressurser

Opplæringsmodellen Oppstyr (2018)
lnu.no
frivillighetnorge.no

Eventuelle merknader

Oppstyr ble utviklet av 4H Norge i samarbeid med UngVest. Opplegget består av totalt 9 moduler.

Studieplanen kan knyttes opp mot følgende mål i voksenopplæringsloven

  • Å bidra til å vedlikeholde og styrke demokratiet og legge grunnlag for bærekraftig utvikling ved å engasjere og utvikle aktive medborgere.
  • Å bekjempe utstøting og bidra til inkludering.
  • Å bidra til motivasjon og tilgang til kunnskap og kompetanse for alle og slik møte behov i et samfunn og arbeidsliv i stadig endring.
  • Å være en selvstendig arena for læring og et supplement til offentlige utdanningstilbud for voksne.