1066 Bake lefse og flatbrød
Læringsmål
Få lyst til å bake sjølv i staden for å kjøpe flatbrød og lefser til eige bruk.
Verta i stand til å baka lefser og flatbrød på sitt eige kjøken.
Målgruppe og ev. krav til forkunnskaper
Alle som har interesse og som er minst 14 år
Innhold
1. samling
Timer med lærer: 2
Tema
Om baking av forskjellige sortar lefse, og om baking av flatbrød.
Stikkord
Kva deltakarane ventar seg av kurset, kva dei ynskjer å læra?
Gamle oppskrifter frå bygdene her omkring. Organisering.
Dei som har, må ta med seg takke. Anna utstyr som alle må ha med, er: kjevle, mjølkost, bakstpinne, kniv.
Arbeidsform og gjennomføring
Teori. Diskusjon. Erfaring frå deltakarar som har prøvd, men mislykkast. Erfaringar og gode råd frå instruktør.
Problemstillinger
Korleis gruppa skal organisere seg når det praktiske arbeidet begynner? Kva deltakarane må ha med seg til første samlinga med praktisk arbeid?
Potetsortar. Ikkje alle potetsortane eignar seg til baking. Kvifor, og kva sortar bør ein velge?
2. samling
Timer med lærer: 3
Tema
Ein eller to typar lefse
Stikkord
Start med det som er enklast, viktig å kjenne at ein lykkast
Arbeidsform og gjennomføring
Demonstrasjon. Praktisk arbeid, laging av deig, steiking på takke, etterarbeid, t.d.smøring.
Problemstillinger
Deltakarane har sannsynlegvis forskjellig erfaring i bakekunsten. Det må vera rom for ein viss grad av differansiering i kva ein vil gje seg i kast med. Oppbevaring av lefser
3. samling
Timer med lærer: 3
Tema
Lefsebaking
Stikkord
Prøve nye sortar, eller øve på det ein ikkje vart fornøgd med forige gong. Diverse typar lefseklining(det ein smør lefsene med)
Arbeidsform og gjennomføring
Demonstrasjon. Praktisk arbeid, laging av deig, steiking, smøring
Problemstillinger
Kva er årsaken til eventuelle mislykka lefser? Får ikkje tak i rett sort potet?
4. samling
Timer med lærer: 3
Tema
Flatbrødbaking, baking og steiking av flatbrød
Stikkord
Oppskrifter blir gjeve av instruktør. Diverse sortar flatbrød. Gode råd frå instruktør
Arbeidsform og gjennomføring
Demonstrasjon. Praktisk arbeid der to og to deler på ei takke
Problemstillinger
Får ikkje tak i rett sort mjøl? Korleis ein bør oppbevare flatbrød?
Læringsressurser (utstyr, bøker, filmer, lenker etc.)
Det er stort sett gamle oppskrifter frå bygdene her omkring.
Kurshaldarane brukar også ei bok som heiter:
"Bygdekvinna og vår gamle lefse og flatbrødtradisjon".Boka er oppskrifter samla av bygdekvinnelaga rundt om i landet.
Organisering og arbeidsmåter
Se innhold
Utfyllende opplysninger
Kurset vert halde på eit skulekjøkken.
Deltakarane deler seg i grupper på to, som bruker samme takka.
Deltakarane kjem ikkje til å bruke lærebøker, men får utdelt oppskrifter av kursleiarane.
Studieplanen kan knyttes opp mot følgende mål i voksenopplæringsloven
- Å styrke kulturelt mangfold og bevare kulturarven gjennom læring.