114 Småkaker til jul - tradisjonsbaking
Læringsmål
Lære om ulike slag småkaker som er vanleg å bake til jul her i bygda vår og i Valdres. Lære å bake småkaker. Kjenne til at det frå gamalt av var vanleg å bake minst 7 slag småkaker til jul.
Målgruppe og ev. krav til forkunnskaper
Alle som har lyst til å vere med på dette i 4H, i alderen 12 - 18 år.
Innhold
1. samling
- Førebuing til småkakebaking.
- Kva slag kaker ynskjer vi å bake på 2. og 3. samling?
- Kva treng vi av råvarer og utstyr?
- Finne fram oppskrifter. Alle får kome med ynskja sine.
- Finne ut om nokon av småkakeslaga må / bør lagast dagen føreåt.
2. samling
- Baking av ulike småkaker som skal trillast ut og setjast på steikjebrett med teskei.
- Alle får vere med å trille ut deig til kaker og å setje deig på steikjebrett med teskei.
- Lære om korleis deigane må / bør vere om kakene skal trillast ut og korleis røra skal vere, om det skal setjast på steikjebrettet med teskei.
- Alle får dele likt, det som vert baka.
3. samling
- Baking av ulike slag småkaker som skal kjevlast.
- Bruk av av kjevle; teori og praksis.
- Alle får prøve å kjevle ut og steikje.
- Lære om korleis deigane må / bør vere om dei skal kjevlast ut.
- Finne ut om deigane bør lagast dagen føreåt, for at dei skal vere gode å kjevle.
- Alle får dele likt, det som vert baka.
Læringsressurser (utstyr, bøker, filmer, lenker etc.)
Bruke gode, gamle oppskrifter som er utprøvde.
Organisering og arbeidsmåter
Veiledning med instruktør/lærer
Instruksjon med lærer
Forelesning
Demonstrasjon
Praktisk trening/arbeid
Krav til lærer/instruktør
Kurshaldar er Mat og helse-lærar ved skulen.
Utfyllende opplysninger
Dele ut evalueringsskjema når kurset er avslutta.