128 Varmkompostering

Godkjent for 8–30 timer  |  4–15 deltakere  |  inntil 100 % elektronisk kommunikasjon

Læringsmål

Målet er å lage ny jord av hushaldningsavfall, ved å bruka varmkompost.
Gjennom teori og praksis lærer vi om:

  • fordeler med kompost frå eigen hage.
  • ulike komposteringsbehalderar og plassering.
  • dei biologiske prosessane i varmkompost.
  • korleis vi forheld oss til renovasjonsavgifta.

Målgruppe og ev. krav til forkunnskaper

Hageeigarar
Ingen spesielle forkunnskapar er kravde, men interesse for å lage jord sjølv må vere der.

Innhold

  1. Kvifor varmkompostering? Fordelar med å nytte avfallet til å skape jord i eigen hage.
  2. Kva for komposteringsbehaldar passar å bruke? Besøk av ein lokal forhandlar av varmkomposteringsbehaldarar
  3. Korleis legg ein opp ein varmkompost? Kva må vi blande inn saman med hushaldningsavfallet?
  4. Plassering av kompostbingen. Vil grannen merke sjenerande lukt?
  5. Besøk i privathagar der varmkompostering har vorte nytta noen år
  6. Kva gjør vi om komposteringa stoppar opp? Tilføring av ekstra næringsrikt materiale som fiskeavfall, rekeskal, eller ein neve kompost frå ein binge der prosessen er i gang. Bruk av varmeflaske.
  7. Korleis går ein fram for å få reduksjon i renovasjonsavgifta?

Læringsressurser (utstyr, bøker, filmer, lenker etc.)

Jord og kompost : gjødsling og jordforbedring på naturens vilkår
av Harald Kratschmer (oversatt av Bård Kranstad ; utgitt i samarbeid med Det norske hageselskap)

Ren jord! Håndbok i hjemmekompostering, 24 sider (Naturvernforbundet 2016)

https://naturogmiljo.s3.amazonaws.com/media/files/000/000/128/original/Ren_Jord_Bokm%C3%A5l.pdf?1457426388

 

Organisering og arbeidsmåter


Gruppearbeid
Diskusjon
Demonstrasjon
Praktisk trening/arbeid
Studiesirkel (uten lærer)
Studieleiaren bør ha vore på kurs og sjølv ha drive med varmkompostering.

Avsluttende prøve/eksamen

Vi følgjer opp med å kontakte kursdeltakarane to månader etter at kurset er fullført.

Studieplanen kan knyttes opp mot følgende mål i voksenopplæringsloven

  • Å bidra til å vedlikeholde og styrke demokratiet og legge grunnlag for bærekraftig utvikling ved å engasjere og utvikle aktive medborgere.