1709 Arbeid med tre

Godkjent for 8–22 timer  |  4–15 deltakere  |  inntil 100 % elektronisk kommunikasjon

Læringsmål

  • Lære deltakarane om korleis trematrerialane ser ut, etter at dei er skorne ut av tømmerstokken på saga.
  • Lære om korleis borda ser ut, før og etter tørking.
  • Lære om kva for ei side av bordet som bør vere inn eller ut, ut frå det som skal lagast.
  • Vise og ha respekt for alt utstyret i sløydsalen.
  • Bli kjent med å bruke handsag, høvel, pussepapir av ulik grovheit, drill, tommestokk, vinkeljarn, svipenn m.m.

Målgruppe og ev. krav til forkunnskaper

4H-medlemmer og andre interesserte, frå 12 år.

Innhold

1. samling
TmL: 2
TuL: 2
Tema:
Fellessamling og introduksjon av kurset.

Stikkord:

  • Bli kjent med deltakarane, instruktør og utstyr i sløydsalen.
  • Kva som skal lagast?

Arbeidsform og gjennomføring:

  • Planlegging og diskusjon.

Problemstillinger:

  • Kva trengs av utstyr?
  • Kven som kan bruke utstyret?
  • Det er kun instruktøren som kan bruke bandsaga.

2. samling
TmL: 5
TuL: 3
Tema:
Fuglekasse.

Stikkord:

  • Lære ved å gjere.
  • Sage opp alle delane til fuglekassa. 
  • Bruke tommestokk, blyant, vinkel og handsag.

Arbeidsform og gjennomføring:

  • Bruke spikar til å feste saman veggane og botnen i fuglekassa.
  • Bruke kloss på undersida av loket, slik at det blir liggjande laust på.

Problemstillinger:

  • Finne ut kva slag fuglar som fuglekassa skal lagast for, med tanke på holet som skal borast på framsida.
  • Bruke spikar som passar til bordtjukkleiken.
  • Leggje loket på kassa, for å finne ut kvar klossen skal vere på undersida. Dette for å sleppe å spikre loket på.
  • Bore hol og setje i ein pinne, litt under holet.

3. samling
TmL: 3
TuL: 2
Tema:
Skjerefjøl.

Stikkord:

  • Lære ved å gjere.
  • Finne passe tjukt bord.
  • Bruke tommestokk, vinkel, blyant, handsag, svipenn m.m.

Arbeidsform og gjennomføring:

  • Finne ut kor lang skjerefjøla skal vere og sage ho.
  • Høvle og pusse.
  • Bore hol med ein bor.
  • Svi motiv med svipenn.

Problemstillinger:

  • Finne ut kva slag form fjøla skal ha. Skal ho rundast av i eine enden eller skal det teiknast motiv på som må skjerast ut på bandsaga?
  • Bruke høvel og høvle båe sidene.
  • Pusse sidene med pussepapir og runde av på dei skarpe kantane.
  • Måle og finne ut kvar holet til å hengje ho opp etter skal vere.
  • Bruke svipenn og skrive initialane sine og årstal. Event. lage motiv eller skrive noko.
  • Smørje fjøla godt inn med matolje.

4. samling
TmL: 3
TuL: 2
Tema:
Gjere ferdig fuglekassa og skjerefjøla.

Stikkord:

  • Siste finpuss på fuglekassa.
  • Måle / beise fuglekassa.
  • Siste finpuss på skjerefjøla.
  • Setje skjerefjøla inn med matolje.

Arbeidsform og gjennomføring:

  • Vise fram og lage utstilling for kvarandre.

Problemstillinger:

  • Kva var greit å gjere?
  • Kva var utfordrande med desse oppgåvene?
  • Finne ut kor stor opning som skal til, for dei ulike fuglane

Læringsressurser (utstyr, bøker, filmer, lenker etc.)

Organisering og arbeidsmåter

Se innhold

Krav til lærer/instruktør

Lærar i trearbeid, for å kunne bruke dei ulike elektriske sagene / utstyr, i ein sløydsal.

Studieplanen kan knyttes opp mot følgende mål i voksenopplæringsloven

  • Å styrke kulturelt mangfold og bevare kulturarven gjennom læring.