1747 4H-leir Hovudkomite

Godkjent for 8–38 timer  |  4–15 deltakere  |  inntil 100 % elektronisk kommunikasjon

Læringsmål

Lære å planlegge og arrangere/gjennomføre ein leir
Planlegging: ◦Lære å lage hovedrammer for leiren
Lære om økonomistyring
Lære om teknisk planlegging og koordinering
Gjennomføring
Lære systemer for delegering
Lære systemer for detaljgjennomføring
Lære å dele og sluttevaluere

Målgruppe og ev. krav til forkunnskaper

Dei som skal arrangere 4H-leir

Innhold

1. samling
Timer uten lærer: 4
Tema
Etablering av hovudkomite

Stikkord
Hovudkomiteen vert etablert, val av leirsjef og fordeling av ansvar for dei ulike underkomiteane. Erfaringsutveksling.

Arbeidsform og gjennomføring
Studiering med: Diskusjon, samtale og undersøking.

Problemstillinger
Kor skal vi starte? Kven gjer kva? Har vi spennande idear for leiren?

2. samling
Timer uten lærer: 4
Tema
Hovudrammer for leiren

Stikkord
Ansvarleg arrangør, målgruppe, målsetjing og tid- og stadfesting.

Arbeidsform og gjennomføring
Studiering med: Diskusjon, samtale og undersøking.

Problemstillinger
Sette opp eit grovt rammeprogram for leiren og ein framdriftsplan for arbeidet i gruppa.

3. samling
Timer uten lærer: 4
Tema
Program og økonomi

Stikkord
Praktiske forhold på leirstaden, program og aktivitetsplan, økonomi og leiravgift

Arbeidsform og gjennomføring
Studiering med: Diskusjon, samtale og undersøking.

Problemstillinger
Korleis er teltområdet, kva finst av hus, toalett, teknisk utstyr og anna på leirstaden, kva av dette kan de bruke og kva vil det koste? Andre kostnadar til t.d. mat og aktivitetar.

4. samling
Timer uten lærer: 4
Tema
Teknisk plan og mat

Stikkord
Vidare arbeid med leirområdet og tekniske løysingar. Finne medhjelparar. Mat, vatn, toalett og vaskeplassar.

Arbeidsform og gjennomføring
Studiering med: Diskusjon, samtale og undersøking.

Problemstillinger
Kva treng de hjelp til og kven kan de spørje? Korleis organisere dei andre måltida? Finne ut korleis de skal organisere mat, vatn, toalett og vaskeplassar. Kontakte det lokale mattilsynet for løyve til matlaging og servering.

5. samling
Timer uten lærer: 4
Tema
Tryggleik og beredskap

Stikkord
Beredskapsplan, leirreglar, vakthald, fyrstehjelp, bading

Arbeidsform og gjennomføring
Studiering med: Diskusjon, samtale, undersøking

Problemstillinger
Beredskapsplan/Kven skal kontaktast om uhell skulle skje? Kan vi legge til rette for bading? Kor mykje vakthald? Fysisk sikring?

6. samling
Timer uten lærer: 4
Tema
Tur og aktivitetar

Stikkord
Turdag, aktivitetar, emnekurs

Arbeidsform og gjennomføring
Studiering med: Diskusjon, samtale og undersøking.

Problemstillinger
Kva slags tur ønskjer vi å tilby deltakarane?

7. samling
Timer uten lærer: 4
Tema
Detaljane

Stikkord
Detaljplanlegging, tryggleik og beredskap, budsjett, endeleg program og informasjon til deltakarane og til dei som bur i nærleiken av leirstaden.

Arbeidsform og gjennomføring
Studiering med: Diskusjon, samtale, undersøking og skriftleg arbeid

Problemstillinger
Balanserar kostnadane med inntektene? Beredskapsplan/Kven skal kontaktast om uhell skulle skje? Kva informasjon skal ut til deltakarane?

8. samling
Timer uten lærer: 6
Tema
Gjennomføring og delvurdering av leiren

Stikkord
Gjennomføre etter planen. Leirgruppa bør ha vurderingsmøte undervegs.

Arbeidsform og gjennomføring
Studiering med: Praktisk, diskusjon og samtale

Problemstillinger
Vurdere gjennomføringa med jamne mellomrom. Går alt etter planen? Bør noko av planen endrast?

9. samling
Timer uten lærer: 4
Tema
Oppsummering

Stikkord
Evaluering og avslutning av rekneskapen.

Arbeidsform og gjennomføring
Studiering med: Diskusjon, samtale og skriftleg arbeid

Problemstillinger
Korleis gjekk gjennomføringa av leiren og kvifor gjekk det slik? Trekke konklusjonar. Gjere ferdig prosjektkrava og planleggje utstillinga til haustfesten

Læringsressurser (utstyr, bøker, filmer, lenker etc.)

Dokumentasjon frå, og kontakt med tidlegare arrangørar av fylkesleir.

Organisering og arbeidsmåter

Se innhold

Avsluttende prøve/eksamen

Sjå siste samling.

Utfyllende opplysninger

Det skal gjennomførast som ein studiering utan lærar med jamnlege møte i forkant av leiren og evaluering i etterkant. Planen er eit forslag til korleis ein kan arbeide saman om å arrangere leir. Det er mange måtar å gjere det på, t.d. kan talet på møte og lengda på kvart møte variere, men uansett må de innom dei punkta som er satt opp i møteplanen. Det kan nok vere mest praktisk å halde ein god del av møta på leirstaden. Ein del faste postar bør vere med på alle møta: - gjennomgang av programmet for møtet - status for leirarbeidet - praktisk arbeid - klubbaktivitetar: fordel desse slik at alle får prøve seg, gjerne fleire saman - planlegging og fordeling av arbeidsoppgåver til neste møte.

Studieplanen kan knyttes opp mot følgende mål i voksenopplæringsloven

  • Å bidra til å vedlikeholde og styrke demokratiet og legge grunnlag for bærekraftig utvikling ved å engasjere og utvikle aktive medborgere.