1802 Arbeid med tre - sprellemann.
Læringsmål
Lære deltakarane om korleis trematerialane ser ut, etter at dei er skorne ut av tømmerstokken på saga.\\ Lære om korleis borda ser ut før og etter tørking.\\ Lære om kva for ei side av bordet som bør vere inn eller ut, ut frå kva som skal lagast. Lære å vise respekt for alt utstyret i sløydsalen.\\ Bli kjent med å bruke handsag, pussepapir av ulik grovheit. drill og tommestokk.
Målgruppe og ev. krav til forkunnskaper
4H-medlemmer og andre interesserte, frå 12 år.
Innhold
1. samling
Timer med lærer: 3Timer uten lærer: 2
Tema
Fellessamling og introduksjon av kurset.
Stikkord
Bli kjent med deltakarane, instruktør og utstyr i sløydsalen. Kva som skal lagast.
Arbeidsform og gjennomføring
Planlegging og diskusjon. Bruke nettet og studere ulike sprellemenn og korleis dei må lagast, for å få dei til å fungere.
Problemstillinger
Kva trengs av utstyr? Kven som skal bruke utstyret? Det er kun instruktøren som kan bruke bandsaga.
2. samling
Timer med lærer: 5Timer uten lærer: 2
Tema
Sprellemann.
Stikkord
Lære ved å gjere. Teikne opp omrisset av kroppen, armane og føtene til sprellemannen på ei treplate.
Arbeidsform og gjennomføring
Grovskjere rundt delane på bandsaga. Bruke sandpapir og pusse alle sidene, slik at dei blir glatte.
Problemstillinger
Det er viktig at ein pussar med sandpapiret, slik at alle sidene er glatte, og ein ikkje set stikker i fingrane. Der det skal vere rundt, må ein pusse, slik at det ikkje blir taggut.
3. samling
Timer med lærer: 3Timer uten lærer: 2
Tema
Måle sprellemannen sin.
Stikkord
Bruke akrylmåling og lære om korleis ein målar.
Arbeidsform og gjennomføring
Leggje papir utover på borda. Bruke plastkrus til å ha målinga i. Bruke penslar av ulik storleik. Bruke god tid og vere nøye med målinga. La målinga tørke mellom kvar gong ein målar oppå.
Problemstillinger
Lære seg til å måle "tynne" strøk. Då tørkar målinga raskare. La målinga tørke, før ein målar oppå.
4. samling
Timer med lærer: 2Timer uten lærer: 2
Tema
Montere sprellemann.
Stikkord
Bruke drill til å lage hol, der delane skal monterast saman.
Arbeidsform og gjennomføring
Merke av der det skal vere hol på dei ulike delane. Kutte opp tråd til å knyte dei ulike delane saman med. Finne fram 4 splittbinders til kvar sprellemann.
Problemstillinger
Tre tråden inn i eine holet i armen og knyte ein knute. Gjere det same med den andre armen. Setje kvar arm saman med kroppen med ein splittbinders. Gjere akkurat det same med kvar av føtene, med trådendane og splittbinders. Knyte ein lenger tråd midt på bak. Denne skal vere til å dra i føtene og armane med. Trådane mellom armane og føtene må kanskje justerast? Sprellemannen er ferdig, dersom ikkje armane og føtene buttar mot kvarandre. Til slutt lagar vi ei utstilling med alle sprellemennene.
Læringsressurser (utstyr, bøker, filmer, lenker etc.)
Bruke nettet og studere ulike sprellemenn, både i f h t storleik, form og korleis dei kan målast.
Organisering og arbeidsmåter
Se innhold
Krav til lærer/instruktør
Lærar i trearbeid, for å kunne bruke dei ulike elektriske sagene / utstyr i ein sløydsal.
Avsluttende prøve/eksamen
Felles evaluering av heile kurset.
Studieplanen kan knyttes opp mot følgende mål i voksenopplæringsloven
- Å gjøre det mulig for mennesker å påvirke egen livssituasjon.