2863 Vi lagar leir

Godkjent for 8–20 timer  |  4–100 deltakere  |  inntil 100 % elektronisk kommunikasjon

Læringsmål

Lære å planlegge og arrangere/gjennomføre ein leir.

Planlegging:
- Lære å lage hovedrammer for leiren
- Lære om økonomistyring
- Lære om teknisk planlegging og koordinering

Gjennomføring:
- Lære systemer for delegering
- Lære systemer for detaljgjennomføring
- Lære å del og sluttevaluere.

Målgruppe og ev. krav til forkunnskaper

Ungdom frå 14 år og oppover som vil lære å arrangere og gjennomføre ein leir.

Innhold

1. samling
TuL: 3
Tema:
Hovudrammer for leiren

Stikkord:
Ansvarleg arrangør, målgruppe, målsetjing og tid- og stadfesting.

Arbeidsform:
Studiering med: Diskusjon, samtale og undersøking.

Problemstillinger:
Sette opp eit grovt rammeprogram for leiren og ein framdriftsplan for arbeidet i gruppa.

2. samling
TuL: 3
Tema:
Program og økonomi

Stikkord:
Praktiske forhold på leirstaden, program og aktivitetsplan, økonomi og leiravgi

Arbeidsform:
Studiering med: Diskusjon, samtale og undersøking.

Problemstillinger:
Korleis er teltområdet, kva finst av hus, toalett, teknisk utstyr og anna på leirstaden, kva av dette kan de bruke og kva vil det koste? Andre kostnadar til t.d. mat og aktivitetar.

3. samling
TuL: 3
Tema:
Teknisk plan og mat

Stikkord:
Vidare arbeid med leirområdet og tekniske løysingar. Finne medhjelparar. Mat, vatn, toalett og vaskeplassar.

Arbeidsform:
Studiering med: Diskusjon, samtale og undersøking.

Problemstillinger:
Kva treng de hjelp til og kven kan de spørje? Korleis organisere dei andre måltida? Finne ut korleis de skal organisere mat, vatn, toalett og vaskeplassar. Kontakte det lokale mattilsynet for løyve til matlaging og servering.

4. samling
TuL: 3
Tema:
Detaljane

Stikkord:
Detaljplanlegging, tryggleik og beredskap, budsjett, endeleg program og informasjon til deltakarane og til dei som bur i nærleiken av leirstaden.

Arbeidsform:
Studiering med: Diskusjon, samtale, undersøking og skriftleg arbeid.

Problemstillinger:
Balanserar kostnadane med inntektene? Beredskapsplan/Kven skal kontaktast om uhell skulle skje? Kva informasjon skal ut til deltakarane?

5. samling
TuL: 5
Tema:
Gjennomføring og delvurdering av leiren

Stikkord:
Gjennomføre etter planen. Leirgruppa bør ha vurderingsmøte undervegs.

Arbeidsform:
Studiering med: Praktisk, diskusjon og samtale

Problemstillinger:
Vurdere gjennomføringa med jamne mellomrom. Går alt etter planen? Bør noko av planen endrast?

6. samling
TuL: 3
Tema:
Oppsummering

Stikkord:
Evaluering og avslutning av rekneskapen. Prosjektkrav. Haustfestutstilling.

Arbeidsform:
Studiering med: Diskusjon, samtale og skriftleg arbeid

Problemstillinger:
Korleis gjekk gjennomføringa av leiren og kvifor gjekk det slik? Trekke konklusjonar. Gjere ferdig prosjektkrava og planleggje utstillinga til haustfesten.

Læringsressurser (utstyr, bøker, filmer, lenker etc.)

For deltakerne:
- 4H prosjektet "Vi lagar leir".

Organisering og arbeidsmåter

Se innhold

Avsluttende prøve/eksamen

Se samling 6.

Utfyllende opplysninger

Studieringen er tenkt brukt saman med 4H-prosjektet Vi lagar leir.
Planen er eit forslag til korleis ein kan arbeide saman om å arrangere leir. Det er mange måtar å gjere det på, t.d. kan talet på møte og lengda på kvart møte variere, men uansett må de innom dei punkta som er satt opp i møteplanen.

Det er kan nok vere mest praktisk å halde ein god del av møta på leirstaden.

Ein del faste postar bør vere med på alle møta:
- gjennomgang av programmet for møtet
- status for leirarbeidet
- praktisk arbeid
- klubbaktivitetar: fordel desse slik at alle får prøve seg, gjerne fleire saman
- planlegging og fordeling av arbeidsoppgåver til neste møte.

Studieplanen kan knyttes opp mot følgende mål i voksenopplæringsloven

  • Å bidra til å vedlikeholde og styrke demokratiet og legge grunnlag for bærekraftig utvikling ved å engasjere og utvikle aktive medborgere.