8838 Med pinnar og garn

Godkjent for 4–21 timer  |  5–15 deltakere  |  inntil 100 % elektronisk kommunikasjon

Læringsmål

Å halde i hevd handarbeidstradisjonar, og å oppdage gleda av å lage eigne bruksgjenstandar.

Målgruppe og ev. krav til forkunnskaper

Ungdom 12-18 år

Innhold

1. samling
TuL: 3
Tema:
Planlegging

Stikkord:

  • Kva vil vi oppnå med arbeidet i ringen og korleis skal vi leggje det opp?
  • Tid og stad for møta. (Det er lurt å merke av alle møta på kalenderen, så kan de lettare unngå møtekollisjonar)
  • Kven kan vi samarbeide med eller få hjelp av?
  • Innmelding av ringen til Studieforbundet natur og miljø (dersom dette ikkje er gjort tidlegare).
  • Prosjektheftet og krav til prosjektet
  • Avtale og plan (korleis og kvifor?)
  • Tenk over og snakk om kva som bør stå i avtalar, arbeidsplanar og budsjett.
  • Skriv ned stikkord på kladd og gjer ferdig desse sidene heime til neste møte.
  • Drøft kva for klubbaktivitetar de vil gjennomføre i samband med 4H-prosjektet.
  • Sett opp ein plan over kven som skal gjere kva, når og kvar de skal gjennomføre aktivitetane.
  • Planlegg kva de skal kjøpe inn av materialar og utstyr før neste møte.

Arbeidsform:
Samtale og diskusjon

2. samling
TuL: 3
Tema:
Materiellære

Stikkord:

  • Sjå på materialane som de har kjøpt inn og finn ut av merkelappen kva dei er laga av, korleis dei kan brukast og stellast.
  • Er det ull, bomull, syntetisk eller blandingsgarn?
  • Er det store skilnader i pris og kvalitet?
  • Kva passar dei ulike garntypane best til?
  • Start med eit av produkta de skal lage og arbeid vidare heime.

Arbeidsform:
Samtale og praktisk øving

3. samling
TuL: 3
Tema:
Strikke/heklefastheit

Stikkord:

  • Prøv kor fast de strikkar/heklar og samanlikne med det som står i oppskrifta eller på garnmerkelappen.
  • Prøv dykk fram med andre pinnar/heklenåler til det stemmer.
  • Ta mål av kvarandre og finn ut storleiken dersom de skal lage klesplagg.
  • Rekne ut kor mange masker de må leggje opp.

Arbeidsform:
Samtale og praktisk øving

4. samling
TuL: 3
Tema:
Fargar

Stikkord:

  • Fargar.
  • Prøv å setje saman fleire fargar.
  • Kvifor er nokre fargekombinasjonar betre å sjå på enn andre?
  • Snakk om "smak og behag" og motar i fargesamanheng.
  • Lag strikke-/hekleprøver med to eller fleire fargar.
  • Finn ut kva for fargekombinasjonar de vil bruke i dei fleirfarga arbeida.

Arbeidsform:
Samtale og praktisk øving

5. samling
TuL: 3
Tema:
Mønster

Stikkord:

  • Mønster.
  • Gå ut frå dei fargane de vil bruke i det fleirfarga arbeidet.
  • Lag ei skisse av plagget/tingen og set på fargar.
  • Prøv å overføre mønsteret til rutepapir (1 rute = 1 m).
  • Hugs at det ikkje må vere lange, lause trådar på vranga.
  • De kan også lage mønster berre ved å kombinere ulike typar masker, fellingar og aukingar.
  • Prøv dykk på å lage eigne kombinasjonar.

Arbeidsform:
Samtale og praktisk øving

6. samling
TuL: 3
Tema:
Montering og snorar og duskar

Stikkord:

  • Montering av strikke- og hekleplagg.
  • Finn ut korleis dei einskilde delane skal syast/maskast saman på beste måte.
  • Snorer og duskar.
  • Lag prøver.

Arbeidsform:
Samtale og praktisk øving

7. samling
TuL: 3
Tema:
Vask og stell. Oppsummering

Stikkord:

  • Vask og stell av produkt som er bunde.
  • Korleis gjer vi dette på beste måte?
  • Krymping, toving, over-farging og ufasong kan verte resultat av feil handsaming.
  • Oppsummering av arbeidet i ringen.

Arbeidsform:
Samtale og praktisk øving

 

Læringsressurser (utstyr, bøker, filmer, lenker etc.)

For deltakerne:

  • 4H-prosjektet "Med pinnar og garn" Strikking.
  • Gammel teknikk i ny design (Gyldendahl)
  • Hekling. Gammel teknikk i ny design (Gyldendahl)

 

Organisering og arbeidsmåter

Se innhold

Utfyllende opplysninger

Studieringen er tenkt brukt saman med 4H-prosjektet "Med pinnar og garn".